sykkelturen 2022

Sykkelturen 2022

«Meir aktivitet, meir glede!»

2022 er «Frivillighetens år». Noregs Frivilligsentralar inviterar saman med ei rekke andre organisasjonar til ein sykkeltur gjennom heile landet! Saman skal me sykle, for å skape gode inkludrande lokalsamfunn. Hovudmålet med sykkelturen er å rette lys mot meirverdien av å kjenne seg til nytte i samfunnet, og oppleve gode relasjonar i kvardagen. Turen går frå Nordkapp til Arendalsveka, frå 21. mai til 15. august 2022. Dag Otto Lauritzen er ein av våre stolte ambassadørar!

Sykkelturen til Haukeli!

Ein av stoppestadene til Sykkelturen 2022 er Haukeli! Det kjem til å bli ein fin dag for store og små i alle aldrar. For å inkludere dei eldste i samfunnet vil arrangementet ha base ved Nordheimstunet aldersboligar. Me lagar derifrå ei kort sykkelløype som passar for alle. I tillegg vil det bli liv og røre rundt arrangementet. Mellom anna kjem Haukeliseter Fjellstue med bakevarer frå Bakeri Nansen. Ulike lokale lag og organisasjonar kjem med representantar. Arrangementet vert avslutta med ein konsert med E-76 på parkeringa utanfor Spar!

Vel møtt store og små, unge og gamle!

sykkelturen 2022

The event is finished.

Date

05 Aug 2022
Expired!

Time

16:00 - 18:00

Location

Nordheimstunet i Haukeli
en_GB