Litteraturdagane: Dagsprogram laurdag

Festivaltema 2024 er KRAFT. Berekraft og kraftutbygging er nokre stikkord for ein innhaldsrik festivallaurdag på Vinjar!
Kl. 10.30
OMVISING I VINJESTOGA V/ANNE ROMTVEIT
Kl. 12.00
UNDERGANGSKREFTER OG BERGINGSKREFTER
“Vesaas sitt mest voluminøse vasskraftverk”, skreiv forfattar Inger Bråtveit om dei fire Klas Dyregodt-romanane. Bråtveit held det tradisjonsrike Vesaas-føredraget om romanserien som starta med Fars reise i 1930 og blei avslutta med Hjarta høyrer sine heimlandstonar i 1938.
Kl. 13.00
BEREKRAFT OG NATURTAP
Journalist og forfattar Marit Beate Kasin har skrive boka Naturparadokset, der ho skriv om naturtap, mellom anna i Vinje kommune. Møt ho i samtale med Anne Natvig som er konservator ved Nynorsk kultursentrum.
Kl. 14.00
KRAFTA I KUNSTEN
Forfattar Svanhild Amdal Telnes skreiv hausten 2023 eit dikt om konflikten på Gaza. Kva kraft kan litteraturen ha i møte med krig og konflikt? Telnes les og leier opplesinga med Somaya El-Sousi frå Palestina og Tesfaldet G. frå Eritrea.
Kl. 15.15
KRAFTUTBYGGING I LITTERATUREN
Korleis er dei store utbyggingane skildra i norsk litteratur i fyrste halvdel av førre århundre? Med utgangspunkt i mellom anna Gro Holm si De hvite kull (1936) gjev professor i nordisk litteratur ved UiB, Eirik Vassenden ei oversikt.
Foto: UiB/Marte Vik Arnesen/Signe Fuglesteg Loksengard

The event is finished.

Date

28 Sep 2024
Expired!

Time

10:30
en_GB