Konsert på Vinje Bryggeri: Ni Liv

Jon Solberg (Bø) // Vokal, Gitar, Fele
Jan Birger Akerhaugen (Akkerhaugen) // Gitar, Kor
Knut Olav Sandvik (Ulefoss) // Bass, Kor
Terje Meisingset (Moss) // Tangenter
Eivind Aase (Flatdal) // Trommer

Ni Liv er eit americana-band frå Bø og Midt-Telemark med tekstar på norsk. Musikken speglar heile bandets kollektive basseng av musikalske idéar og krumspring. Ni Liv har sidan starten i 2003 spela over 400 konsertar rundt i Norge og gjeve ut 7 studioalbum, 2 ep-ar og ei konsertplate. Plata «Langhelg» frå 2011, blei nominert til Spelemannspris i countryklassa.
Bandet har vore lista på P1 ́s spelelister heile 11 gonger. Låtar som Håkken e du, Det var den gong, Kastanjehår, Merkeband, Gruble i kor og Ikkje spør blir framleis jamnleg spela på norgeskanalen og andre riksdekkande radiostasjonar.
I 2013 feira bandet sitt 10-årssjubileum, og slepte konsertplata «Ein kveld med Ni Liv». Den inneheld 17 liveversjonar av tidlegare utgjevne låtar i tillegg til live-hiten Late Jon.
11. mars 2016 kom Ni Livs 7. studioalbum, «Broder», med 12 nye låtar. Mykje av den musikalske inspirasjonen er henta frå bandmedlemmenes største heltar: Old Crow Medicine Show, Paul Simon, The Rolling Stones, Bruce Molsky, The Band, Steve Earle og Dolly Parton.
Tekstane gjev eit usminka blikk på livet og tida me lever i. Ni Liv skriv og komponerer, arrangerer og produserer all musikken sin sjølv, og spelar inn låtane live i studio. Det skal vera ekte og energisk!
«Musikken er umiddelbar, og tekstene er til ettertanke» – Telemarkavisa «Om du ikkje har skjønt det før, dette er ei fantastisk plate» – Firdaposten
«Nok en gang i fremste rekke av norskspråklig tekst og sangformidling (…) Herlige og folkelige rytmer» – Trønderavisa

NI LIV på Spotify: https://spoti.fi/2qlm0sc
NI LIV på Youtube: https://bit.ly/2qm11q8

Billettar

Billettar kjøper du HER!

The event is finished.

Date

02 Oct 2020
Expired!

Time

19:00

Cost

400,-

Location

Bøgrend
en_GB