Bokprat med Ingelin Westeren

Vinjesenteret inviterer til bokprat med Ingelin Westeren om debutboka hennar, Musikk for folk i trøbbel (2022) torsdag 17.november!

Ingelin Westeren (f.1982) er frå Møsstrond i Vinje kommune. Ho har master i samfunnspsykologi og har jobba fleire år i NAV og i Oslo kommune. No bur ho i Bø i Telemark. Musikk for folk i trøbbel er den første romanen hennar.

I boka fylgjer me Ida som går på NAV, der me får innblikk i korleis «systemet» og arbeidslivet er fulle av barrierer for menneske med psykisk sjukdom. Debutromanen er med på å gje ungt utanforskap eit andlet. Velkomen til bokprat mellom Westeren og arenaleiar Petra Helgesen i boksamlinga på Vinjesenteret!

Billettar kan kjøpast her

The event is finished.

Date

17 Nov 2022
Expired!

Time

18:30 - 20:00

Cost

150.00 NOK

Location

Vinjesenteret
Vinjesenteret
en_GB