underhaldning

Barnas fiskefestival

Barnas Fiskefestival i Haukeli 6. juli 2023!

Barnas fiskefestival i Haukeli er eit gratisarrangement for barn og unge under 16 år!

Det blir ulike konkurransar:

  • Dagens største fisk
  • Kven får flest fisk?
  • Kven fangar mest ørekyte?

Ta med deg fiskestong, sluk, spinnar, dobbe, makk, nett og bøtte og bli med!

Praktisk informasjon

  • Påmelding/registrering er gratis. Du kan registrere deg frå kl. 11:30.
  • Underhaldning kl. 13:00
  • Konkurransen avsluttast kl. 15:00.
  • Premieutdeling

Alle som har registrert seg får deltakarpremie! I konkurranseklassene er det fine premiar.

Du kan kjøpe fiskeutstyr (sluk, spinnar, nett, o.l.) dersom du ikkje har alt du treng. Du kan òg låne fiskestang gratis på plassen.

Toalett finn dykk i sanitærbygget på campingen.

Alle barn må vere i fylgje med ein vaksen eller ha ein vaksen som ser etter dei. Me oppmodar òg til å bruke redningsvest.

Reglar for konkurransen delas ut ved registrering! Meir informasjon om program, mat og underhaldning finn du HER.

VEL MØTT TIL EIN MOROSAM SOMMARDAG!

Haukeli Fiskefestival
Fiskefestival Velemoen Camping
Barnas fiskefestival i haukeli
Haukeli fiskefestival is i boblevaffel
Is i boblevaffel!

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Date

06 Jul 2023

Time

11:30 - 17:00
en_GB