adele duus monsterbesøk

Adele Duus // Monsterbesøk

Adele Lærum Duus (1974) er utdanna litteraturvitar og arbeider som skodespelar, forfattar og litteraturformidlar. I denne vesle figurteaterframsyninga møter ein Adele Lærum Duus i alle roller.
Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre?
Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, og Tove Bakke har omsett. Denne boka er den femte i den populære serien som forfattartrioen frå Island står bak.
Dette er ei utandørs framsyning som passar for heile familien, frå 3 år og oppover.
Arrangementet er ein del av prosjektet «Små forteljingar» og eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje folkebibliotek.
Andre «små forteljingar» våren 2023:
25. mars: Geir Lystrup på Vinje folkebibliotek
15. april: Brynjulf Jung Tjønn: «Gard er ikkje redd» på Vinjesenteret.
3. juni: Høgtlesing og opning av Fantasihagen på Vinjesenteret
Velkomen!

The event is finished.

Date

25 Feb 2023
Expired!

Time

13:00 - 14:00

Cost

75.00 NOK
en_GB