Bygdefondet

Facebook
Twitter
Email
Print

Du har kanskje sett dei? Conteinerane merkt «Bygdefondet» som tar imot pant? Her kan du lese litt om kven som står bak Bygdefonet og kva desse pengane går til. Panten de legg att kjem nemleg til fantastisk god nytte for lokalsamfunnet!

Bygdefondet vart skipa på grunn av at hjelpekorpset ville avslutte ordninga med
innsamling av pant. Bygdefondet overtok konteinerane og det vart teke kontakt med
eindel bygdefolk som var viljuge til å stille opp til dugnadsinnsats og så var me i
gang.
Me er utruleg glade for at me fekk dette til, slik at me no får samle desse resursane
og kan nytte dei i lokalmiljøet i Haukeliområdet på ein positiv måte.
Dei største bidragsytarane til Bygdefondet er hyttefolket i området, med Tyrvelid som
den største. Me har 18 konteinerar ståande ute rundt om i Haukeliområdet , og på 3
stader har me laga hus som dei står i, noko som er ei god ordning om vinteren.
Sidan me starta opp i 2009 til 2019 så har me samla inn pant for 1.7 mill som har
kome lokalmiljøet til gode.

Her er ein oversikt over det me har gjeve stønad til i 2020.
U.L.Dølelaget fekk kr. 2250.- stønad til nytt filmlerret på Fjellvang.
Rundt om i bygda står det tønner med blomar, me bevilga kr. 6800.- til innkaup av
blomane.
Me har sponsa skilauparen Eirik Ringhus med kr. 12500.-
I.L.Rein 50 000.- i stønad til nytt kjøkknet på klubbhuset på Sundflaten.
Sullamrei historielag fekk kr.100 000.- i stønad til utgjeving av boka «Gardar og
slekter i Grungedal sokn.
Haukeli Motorklubb fekk kr. 24 500.i stønad til innkaup av varmepumpe.
Haukeli Scooterklubb, kr. 20 000 i tilskot til trakkemaskin.
Me har bevilga kr.17500 til benkar til rasteplassen i krysset inn til industriområdet i
Haukeli. Den er no rydda av kommunen og den vert utruleg bra til sommaren.
Og no til jol var me med på ei delbetaling på kr. 4000.- for jolepynten langs vegen
mellom Haukeli og Edland .
Truleg er dette med på å utvikle den positive holdninga som me føler at Bygdefondet
har fenge. Ein annen ting er at dei 7 personane som har ansvaret for henting gjer
dette på dugnad, dei får berre dekt kostnaden for driftsutgiftene på bilen.
Kvar av oss har vakt kvar sjuende veke året igjennom.
Me er så heldige at ungdomsskuleelevane ved Edland skule stiller opp på rundgang
og er med på sorteringa. Som takk for det får dei stønad til turen «Med dei kvite
bussane». Ein av oss har ansvaret for sorteringa og samarbeider og organiserar
elevane.

Det er to ting som me vil nemne her, og som me vil bed om hjelp til å endre på.
Det eine er at de ikkje legg matsøppel i konteinerane våre, det lagar problem, og det
andre er IKKJE LEGG GLASSFLASKER I KONTEINERANE, det skal i
flaskekonteinerane der det er slike, eller i konteinerane for restavfall.
For oss så vert det eit vesentleg ekstraarbeid å ta det over i flaskekonteinerane på
Industriområdet i Haukeli. (Dette er ei stille bøn om hjelp)

Det er å håpe at Bygdefondet kan halde fram, det er vesentleg pensjonistar som driv
prosjektet, men det er 2 av oss som som er yrkesaktive. Det har ikkje vore noko problem med å fylle opp plassane etter kvart som pensjonistane «må gje seg», me får håpe at det vert slik også i åra framover.
Me er i alle fall svært glade for den positive haldninga som he har fenge av
hyttefolket og bygdefolket, det gjer at det er berre moro å drive med det.

Med helsing
Bygdefondet v/ Ragnvald Christenson, Magne Haugen, Otto Haugane, Gudmund
Tveito, Torkjell Gardsteig, Jon Midtveit, Torbjørn Bjåen, Harald Sandvik

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn! Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter,

Les meir
nn_NO