Bli ein matreddar på veg over fjellet!

Haukeliseter Fjellstue ynskjer å bidra positivt til mindre matsvinn. Difor er dei med på prosjektet «Good To Go», der du kan få kjøpt gode matvarer til redusert pris. 

Istaden for å kaste kjøtt, grønnsaker og bakst på slutten av dagen, gjer dei matvarene tilgjengelege i appen (Good to go). Her får du dagsfersk mat til særs reduserte prisar for å unngå at maten vert kasta.

Slik gjer du:

  • Last ned appen (Good to go) i App Store eller Google Play.
  • Finn Haukeliseter på kartet
  • Sjå kva dei har tilgjengeleg av mat akkurat i dag.
  • Reservèr eit måltid eller ein «forundringspose» med bakst.
  • Stopp innom for å hente eller ete maten.

VOILÀ! No har du vore med på å redde eit måltid samt fått deg ei fantastisk matoppleving!

Les meir om Good to go her.

Visste du at Haukeliseter Fjellstue i 2017 vann pris for Noregs beste vegmat? Det kan du lese om HER.

Haukeliseter logo

Nyeste artikler

After Please  28. Februar

After Please arrangeres den siste lørdagen i hver måned, og og er en sosial møteplass for alle som besøker Vågslid Skisenter. Dette er arrangementet hvor du

Les meir

Book Vinterferien hos oss!

Gjør vinterferien enkel og minnerik – book en leilighet på Haukelifjell Skisenter! Vi er kjent som en av de mest familie vennlige skidestinasjoner i hele

Les meir