Vinjerevla: Å fortelje med nål og tråd

Denne hausten kan du vere med å brodere ei 12,5 meter lang revle basert på diktsyklusen Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje. Ordet ‘revle’ kjem av norrønt, ‘refill’, og tyder ein lang smal strimmel av tøy.

Vinjerevla finn du i etasjen under Vinjesenteret, og her møter du frivillige frå Vinje handverkslag som vil rettleie deg i broderinga. Saumen er så enkel at alle kan bli med.

Å fortelje med nål og tråd…


Kan ein kombinere broderi som handverkstradisjon og nynorsk litteratur? Og kan forteljinga om Storegut formidlast på nye måtar? Ja! . Laurdag 14. juni 2024 opna prosjektet «Vinjerevla» for besøkande til delta på brodering av den 12,5 meter lange revla basert på diktsyklusen «Storegut» av Aasmund Olavsson Vinje.

Teiknar er Tarjei Østrem Svalastog.

Broderigogn-makar er Olav Rui.

Trykkeriet BitMap Stavanger har overført teikninga til linduken.

Broderinga blir utført i totråds og eintråds ull, men også lin og silke.
Telespinn i Svartdal har spunne og farga det meste av bordegarnet i ull.

Arbeidsgruppa i Vinje Handverkslag er: Åse Bratland, Tone Svalastog Garnes, Signe Rui, og hallbjørg Strøm.

Prosjektet er finansiert ved støtte frå Vinje kulturkontor, bygdestiftelsen og Vinjesenteret.

Desse dagane kan DU vere med å brodere

Fredag             11.10

Torsdag           17.10

Fredag             25.10

Torsdag           31.10

Torsdag           07.11

Fredag             15.11

Torsdag           21.11

Fredag             29.11

Kl. 11-14 kvar gong.

The event is finished.

Når

11 okt 2024
Expired!

Tidspunkt

11:00 - 14:00

Stad

Vinjesenteret
Vinjesenteret
nn_NO