Teknikkurs langrenn
Me gjentek suksessen frå i fjor og køyrer i gang nytt teknikkurs 23. desember 2019!
Kjenner du behovet for å terpe litt på teknikken før startskotet på Haukelirennet går? Har du lyst til å gjere enkle grep for å gå Haukelirennet endå fortare i år? Har du aldri gått på ski før? Haukelirennet inviterar til teknikkurs i forkant av rennet. Her er du velkommen, uansett nivå.
Turid Therese Austrheim og Margit Slåtta Flothyl stiller som instruktørar. Framvising av gyldig påmelding til Haukelirennet 2020 er nok til å delta på kurset.
Møt med stilarten du vil og skia du har! Det blir delt inn i grupper for å sørge for at kurset blir optimalt for alle. Meir info om opplegg, tid og stad kjem når det nærmar seg.
Me håpar å sjå deg der!
Påmelding til Haukelirennet kan du ordne HER!