Pizza med Uliveti i skisenteret
Ein smak av Italia i Vinje
Giovanni og Nils Johan bur i Vinje og er olivenbønder med sin eigen gard Uliveti Castel San Martino. Garden ligg i den vesle landsbyen Solopaca som ligg i regionen Campania, om lag ein time frå Napoli.
I tillegg til å lage olivenolje er Giovanni og Nils Johan også opptatt av god mat. Dei har utvikla ulike matturar til Italia, og har tatt kurs i å lage pizza inspirert av napoletansk pizza. I år har Haukelifjell Skisenter og Uliveti starta eit spanande samarbeid for å tilby ein nydeleg pizza i skisenteret! I dette samarbeidet vil Uliveti koma på jamlege pop-up kveldar der dei lagar pizza – med dedikasjon lagt inn i deig og heving og bruk av gode råvarer. I tillegg til pizza er planen også å kunne tilby ein god dessert, og slik få ein skikkeleg smak av Italia i puben på Haukelifjell Skisenter!
Håndlaget pizza tar tid, så det er lurt å reservere bord ved å sende mail til info@uliveti.net med antall personer og valgt klokkeslett. Det er fortsatt åpent for «drop-in» servering, men du kan risikere både lang ventetid og at de går tom for pizza. Heldigvis er denne pizzaen verdt å vente på! 🤌
