litteraturdagane i vinje

Litteraturdagane i Vinje 2022

Det er 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd og Vesaas-året blir markert med ei rekkje arrangement under festivalen 25. – 28. august, både med føredrag, film og musikk. I tillegg presenterer festivalen fleire andre forfattarar. 

Program

Festivalen vil i hovudsak gå føre seg på Vinjar, vegg i vegg med Vinjesenteret. Dagprogrammet på fredag startar med Vesaas-føredrag og ein smakebit frå den nyskrivne Vesaas-antologien. Etterfylgt av Frode Grytten og Kjersti Rorgemoen. Fredag kveld blir det god stemning med høgtlesing frå Hildegunn Riise og Astrid Versto, filmframsyning, lydklipp med Tarjei, og så avsluttar me med Frode Grytten Beat Band som kombinerar litteratur og poesi med stor musikkglede og intens formidling. 

Laurdagen held fram med debutantprisvinnaren Kristin Vego og høgtlesing av Vesaas-tekstar ved Hildegun Riise og Olav Vesaas, før me får høyre meir om publisering av Vesaas ute i verda. Me avsluttar dagprogrammet med ei samtale om den historiske romanen med Victoria Kielland og Tore Kvæven. Laurdag kveld blir arrangert i Edland der Storegutprisen blir dela ut, Arne Vinje fortel om A. O. Vinje og Tarjei Vesaas, og det blir flotte tonar frå eit lokalt kor med solo av Aasmund Nordstoga og lesing av Stein Versto. 

Sundagen startar som vanleg med gudsteneste fyrst. På programmet er Erik Hillestad, medan Robertas Lamsodis gir oss musikk og song. Etterpå blir det føredrag med Per Esben Myren-Svelstad i Vinjar, om å lesa litteratur med skeive briller, før det heile blir runda av med hardingfelemeisteren Per Anders Buen Garnås.  

Nytt av året er eit barneprogram på Vinjesenteret på sundag, der Marianne Gretteberg Engedal les frå bøkene sine.

Du kan lese meir om Litteraturdagane og programmet for 2022 HER.

The event is finished.

Når

25 - 28 aug 2022
Expired!

Tidspunkt

11:00 - 16:00

Stad

Vinjesenteret
Vinjesenteret
nn_NO