Litteraturdagane 2025: Kveldsprogram laurdag – Storegutprisen

18.00: Utdeling av Storegutprisen

Storegutprisen er ein årleg pris som vert delt ut under Litteraturdagane. Prisen har fylgjande kriterium for tildeling: Storegutprisen vert gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

18:30: Opplesing

Opplesing ved skodespelarane Jon Wereide Hope og Adanne Lin-Ji Ezimoha Sætereie frå Den mangfaldige scena.

Regi: Liv Hege Skagestad

18.45: Kan dialogen vekkjast til live?

Kai Eide har lang erfaring som diplomat, og har mellom anna arbeidd med konfliktar

på Balkan, i Israel, Afghanistan og Libya. Med utfordringane verda står overfor, når

det gjeld krig, konflikt og klima, er han svært bekymra for at den diplomatiske

dialogen er død, og spør om han kan vekkjast til live igjen.

Pause med kling og gome

20.00: Konsert med Ine Hoem, Edvard Hoem og Andreas Ulvo

Hausten 2021 sleppte Ine Hoem albumet «Alt vi har kjært», som er eit musikalsk

samarbeid med faren hennar, Edvard Hoem. Ine Hoem har skrive dei fleste

melodiane, og Edvard Hoem står for tekstane. Med seg til Edland har dei

pianisten Andreas Ulvo.

MEIR INFORMASJON OG BILLETTAR FINN DU HER!

The event is finished.

Date

27 sep 2025
Expired!

Time

18:00