Lesestund med Marianne Gretteberg Engedal

Denne laurdagen får me besøk av Marianne Gretteberg Engedal på Vinjesenteret, der ho mellom anna les høgt frå boka Pølsetjuven.
I Pølsetjuven møter me ni år gamle Kjell, som er fødd inn i ein tjuvefamilie, men som ikkje vil vera tjuv slik som dei andre i familien. Boka handlar om å finne ut kven ein eigentleg er, og om å tore å leve slik ein ynskjer.
Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og barnebokforfattar frå Hallingdal. Pølsetjuven er den fyrste boka hennar, og med den vann ho både Kulturdepartementet sin biletbokpris og Nynorsk barnelitteraturpris i 2019.
Arrangementet er ein del av Nynorsk lesestund for barn i samarbeid med Vinje Folkebibliotek, Vinje mållag og Folkeakademiet Vinje.

The event is finished.

Når

22 okt 2022
Expired!

Tidspunkt

13:00 - 14:00

Cost

50.00 NOK

Stad

Vinjesenteret
Vinjesenteret
nn_NO