Konsert med Haley’s Comet

Haley’s Comet består av duoen Magnus Wiik og Meade Richter.

Sidan duoen etablerte seg i 2015, har dei markert seg som ein god kandidat til Noregs mest hyperaktive bluegrass-duo. Dei har gjeve ut 3 plater og spelt på ei rekke av landets store folkemusikkscener og klubbar.

Meade Richter (fele og vokal) er ein av USAs framste unge felespelarar, og etter å ha vunne den prestisjetunge felekonkurransen, Fiddlers Grove, i North Carolina tre år på rad, fikk han ikkje lov til å konkurrerer meir…

Magnus Wiik (banjo, gitar og vokal) er ein prisbelønna norsk multiinstrumentalist, som med band som Julie & the New Favorites og Open String Department har fått kritikarane til å rulle seksarar!

Dørane opnar kl. 19. Konsert kl.20.30 på Haukeli Hotell.

Bordreservasjon for matbestilling.

Open jam etter konserten.

Inngong kr. 200

For å høyre Haley’s Comet på Spotify klikk her.
Vil du sjå video og høyre dei spele kan du gjere det her.
Nettsida deira finn du her.

The event is finished.

Når

12 jun 2019
Expired!

Tidspunkt

19:00 - 23:00
nn_NO