Konsert med Åsmund og Aasmund
Fredag 22. November kjem Aasmund Nordstoga & Åsmund Reistad til Vinjar og held konsert.
Som Frode Larsen i NRK P2 seier; «Det er to fine herrar som gjer fine ting».
På scena er duoen noko for seg sjølv. Med lun formidling, varm humor og masse speleglede har dei framført viser og folketonar av ulikt slag – vakre, morosame, stillferdige og fengande.
Dei kan sjå attende på tallause speleoppdrag i kulturhus, kyrkjer og på konferansemiddagar, på fjellgardar, bygdetun og til og med intimkonsertar heime hjå folk. Over alt der dei ferdast, set dei sine spor. Dei er ei musikalsk lukkepille.

Konserten er eit samarbeid mellom Vinje Bryggeri, Vinjesenteret og Kulturavdelinga i Vinje Kommune.
Dørene opnar kl 19:00
Servering som vanleg
Servering som vanleg
18. Års grense – Billettar kr 250,- (via lenkje.)
Vel møtt