Julemarknad i Haukelikrysset
Julemarknaden i Haukeligrend er ein hyggeleg førjulstradisjon i bygda. Der får du kjøpt handverk, lokalmat (mellom anna kjøt frå lokale gardar og bakst) og juletre. Haukeli Bue har nysteike sveler og gode tilbod. Lokale utstillerar sørgar for at det er moglegheiter for fine og unike julegåver. Korpset spelar jolesongar og sørgar for skikkleg jolestemning.
Kanskje kjem dyra frå Haukabø gard i år òg?
Velkomen til ei fin førjulshelg i Haukeli!
Vil du vere utstillar? Kontakt Haukeli Husflidslag eller Haukeli Bue!




