Julekonsert på Vinjar

Laurdag 10.desember kjem trioen Frå høge himmel til Vinjar! Her får du høyre tradisjonelle jolesalmar frå Rogaland i ny drakt. 

Trioen består av Åshild Vetrhus (1978), folkesongar frå Suldal i Rogaland, kanskje mest kjend frå folkemusikktrioen Tindra, Morten Barrikmo (1979), klarinettist frå Kongsberg og Andreas Ulvo (1983), pianist, keybordist og komponist frå Eidsskog. Alle er utdanna ved Norges musikkhøgskole.

Kom til Vinjar for ein kveld der jolefreden kan senke seg, ein kveld med pause frå gåvemas og glitterstas, der jolesalmane du kjenner til – og kanskje nokon du har gløymt – blir framført på nytt og vakkert vis.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje og Nesland sokneråd.

Kjøp billettar HER!

The event is finished.

Når

10 des 2022
Expired!

Tidspunkt

18:30 - 20:00
nn_NO