Joleverkstad på Vinjesenteret
Kom i jolestemning med verkstad, song og forteljing på Vinjesenteret. Gøril Ramo Håve syng jolesongar og les, og joleverkstaden er fylt med glitter, ark, sakser og lim – det du treng til å lage eit jolekort eller dekorasjon til treet.
Høgtlesingsstunda er ein del av “nynorsk lesestund for barn”, eit samarbeid med Vinje mållag, Vinje folkebibliotek og Vinje folkeakademi.
Mat er inkludert i billetten.
Pris: 75,- pr. pers eller 200,- for familie.
VELKOMEN!