gammel støyl i Havradalen i Vinje

Historietur til Havradalen

Bli med Margit Apeland på ein flott tur inn til Havradalen 27.juli. På turen får du sjå mykje av den flotte naturen på Haukelifjell og høyre Margit fortelje om gardsdrifta inne i Havradalen. Ein kjempefin dag for deg som likar både natur og er interessert i lokalhistorie!

Oppmøte på Prestegård turisthytte kl. 10. Ca. 6 km gange inn (kan hende ein kan ordne med båttransport inn via Bordalen for dei som ikkje klarar turen inn, kontakt Margit for å høyre om moglegheiter for transport).

Sal av kaffi og lappar.

Sullamrei Historielag – Margit Apeland (909 50 688)

 

The event is finished.

Når

27 jul 2024
Expired!

Tidspunkt

10:00
nn_NO