Feiring av A. O. Vinje

Velkomen til feiring av Aasmund Olavsson Vinje!

6. april er årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje. Vinjesenteret ynskjer å markere dagen, men grunna påske utset me markeringa til onsdag 15. april kl. 18.00.
Me får vitjing av Herleik Baklid, som er fyrsteamanuensis på Institutt for kultur, religion og samfunnsfag, Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap ved USN i Bø. Han har ei særleg interesse for folkekultur, og har forska på skikkar og trusførestillingar, som til dømes bryllaupsskikkar og førestillingar knytt til kyrkjebygningar.
Føredraget til Baklid vil ta opp Vinje si nedteikning av folkeminne og publiseringane hans av eigne og andre sine folkeminnenedteikningar i «Drammens Tidende» og i «Dølen». Baklid vil fyrst stille spørsmål om kva type folkeminne Vinje samla og publiserte, dernest vil han gå inn på spørsmål om kvifor folkeminnenedteikningar opptok Vinje, og korleis han nytta dei.
Vinjerevla er open kl. 12-15 denne dagen.

The event is finished.

Date

15 apr 2026
Expired!

Time

18:00 - 20:00