En Førbainna Nordlending – Per Kjerstad slår i hjel ein time

EN FØRBAINNA NORDLENDING
Per Kjerstad
SLÅR I HJEL EIN TIME.

Per Kjerstad, frå Tjelsund i Troms. Kjent frå utallige filmar og TV-seriar, samt podcasten og TV2-serien Psykodrama. Minst like solid som repertoaret frå skjermen er vokabularet til denne fyrige nordlendingen.

Han tok publikum med storm då han debuterte med sitt fyrste soloshow i 2024. I Ein Førbainna Nordlending fortel Kjerstad med både humor og hjarte om oppveksten i nord, temperamentet som aldri gav seg, og vaksenlivet med familie, kjærleik, angst og forbannelse. Det er morosamt, ærleg og djupt gjenkjenneleg – ein time der latteren sit tett, men der det òg treff ein godt i mellomgolvet.

Over 12 000 har allereie ledd, grine og reist seg i ståande applaus! Showet er ei eksplosiv blanding av standup, fortelling og rein scenekunst. Du bør absolutt bli med når Per Kjerstad slår ihjel ein time i Festsalen på Edland!

BILLETTAR KJØPER DU HER!

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Date

07 feb 2026

Time

19:00 - 20:00

Cost

390.00 NOK

Location

Edland Skule, Festsalen