Det hende i Telemark – med Halvor Ulvenes

19. februar kjem Halvor Ulvenes til Vinjesenteret for å snakke om sine mange år som journalist og om si nye bok i serien «Det hende i Telemark».
Halvor Ulvenes har skrive ein bokserie kalla «Det hende Telemark». No er bok nummer sju ferdig. Dei lokalhistoriske artiklane frå Telemark i denne boka er henta frå ein artikkelserie som starta i Varden i 2015. Halvor Ulvenes har skrive artiklane, og serien blei svært godt mottatt av lesarane. I 2017 fekk Ulvenes journalistprisen av Telemark Journalistlag for denne lokalhistoriske serien. Nesten kvar veke har folk i Telemark hatt ein rikt illustrert artikkel å gleda seg til, og historiene spenner frå drap og udåd til bragder og storhendingar som pregar samtida i fylket vårt.
Dette arrangementet er eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje Seniorakademi.
  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Date

19 feb 2026

Time

11:00 - 12:00