Barnekunstutstilling på Vinjesenteret

Velkomen til barnekunstutstilling på Vinjesenteret!

Frå fredag 27. oktober til og med laurdag 4. november kan du oppleve ei barnekunstutstilling i biblioteket på Vinjesenteret! Barnehageborn landet over har vore inviterte til å lage kunstverk med utgangspunkt i tre barnebøker:

– Bålet av Trude Tjensvold
– Ulla av Anna R. Folkestad
– Jakob og Neikob og Tidsmaskinen av Kari Stai

Barnehagane fekk tilsendt ei av dei tre bøkene i gåve. Borna laga kunstverk basert på boka og stilte verka ut i sitt lokale bibliotek. Det har vore formelle opningar av utstillingane, med barnehageborna, og mange stader også ordførarar, til stades. Alle kunstverka blir no samla til éi utstilling på Vinjesenteret. Åmot barnehage, som har delteke i prosjektet, blir med under den høgtidlege opninga. Utstillinga vil vera tilgjengeleg for publikum etter barnehagebesøket. Prosjektet har vore gjennomført i samarbeid med fylkes- og folkebiblioteka. Det er biblioteka som har formidla informasjonen om prosjektet til barnehagane i nærmiljøet sitt, og heldt i gjennomføringa. Føringane og bokgåvene har kome frå Nynorsk Kultursentrum.

Det vil vere gratis inngang for store og små i utstillinga på Vinjesenteret desse dagane! Me vil også ha ein teikne- og høgtlesingsstasjon tilgjengeleg med bøkene.

Det er vanlege opningstider på Vinjesenteret desse dagane:

Sundag og måndag: Stengt
Tysdag-fredag: 12.00 -15.00
Laurdag: 12.00 – 17.00

Ta turen til Vinjesenteret for å sjå ei fantasirik og morosam utstilling!

The event is finished.

Når

27 okt 2023 - 04 nov 2023
Expired!

Tidspunkt

12:00 - 17:00
nn_NO