Barnas Fiskefestival i Haukeli!
Barnas fiskefestival i Haukeli er eit gratisarrangement for barn og unge under 16 år!
Velkommen til fisking ved Velemoen camping 14.juli 2022!
Det blir ulike konkurransar:
- Dagens største fisk
- Kven får flest fisk?
- Kven fangar mest ørekyte?
Ta med deg fiskestong, sluk, spinnar, dobbe, makk, nett og bøtte og bli med!
Praktisk informasjon
Påmelding/registrering er gratis. Du kan registrere deg frå kl. 10:00-13:00.
Konkurransen avsluttas kl. 17:00.
Alle som har registrert seg får deltakarpremie!
Du kan òg kjøpe fiskeutstyr dersom du ikkje har alt du treng.
Toalett finn dykk i sanitærbygget på campingen.
Reglar for konkurransen delas ut ved registrering!
Mat og drikke
På Velemoen får du kjøpt mat, drikke og is for dei som ynskjer det.
Andre aktivitetar
Klovnane Susu og Mumu kjem og underheld med sitt fiskeshow!
På Velemoen Camping er det ein fin badeplass. I tillegg kan du prøve å ri på ponni!
VEL MØTT TIL EIN MOROSAM SOMMARDAG!