Barnas Fiskefestival i Haukeli
Barnas Fiskefestival i Haukeli!
Barnas fiskefestival i Haukeli er eit gratisarrangement for barn og unge under 16 år!
Velkommen til fisking ved Velemoen camping 6. juli 2024!
Det blir ulike konkurransar:
- Dagens største fisk
- Kven får flest fisk?
- Kven fangar mest ørekyte?
Ta med deg fiskestong, sluk, spinnar, dobbe, makk, nett og bøtte og bli med!
Praktisk informasjon
Påmelding/registrering er gratis. Du kan registrere deg frå kl. 11:30.
Underhaldning frå kl 13:00
Konkurransen avsluttas kl. 15:00.
Premieutdeling
Alle som har registrert seg får deltakarpremie! I konkurranseklassene er det fine premiar.
Du kan kjøpe fiskeutstyr (sluk, spinnar, nett, o.l.) dersom du ikkje har alt du treng. Du kan òg låne fiskestang gratis på plassen.
Toalett finn dykk i sanitærbygget på campingen.
Alle barn må vere i fylgje med ein vaksen eller ha ein vaksen som ser etter dei. Me oppmodar òg til å bruke redningsvest.
Reglar for konkurransen delas ut ved registrering!
Mat og drikke
Alle deltakarar får eit gratis fiskemåltid! Aketun Fisk frå Fyresdal kjem med kjempegode fiskeburgarar til barna. Burgeren er kortreist og kjempegod! Elles kan ein kjøpe mat, drikke og is i kiosken på campingen for dei som ynskjer det.
Underhaldning
Master of Magic – Daniel Larsen kjem og underheld for oss! Han er magiker og illusjonist, og er morosam for både store og små!
Andre aktivitetar
På Velemoen Camping er det ein fin badeplass, i tillegg kan du prøve å ri på ponni!