ann lindmo

Anne Lindmo, «Min tur», foredrag i Festsalen, Edland

Anne Lindmo er ein av NRK sine store og folkekjære profilar. Ho har skapt suksess både med fredagstalkshow og humorpodcasten  Lindmo & co, og har i ei årrekke òg levert særskild underhaldande liveshow og foredrag.

Hausten 2022 gav Lindmo ut si fyrste bok, MIN TUR, der natur og friluftsliv blir den raude tråden i fortellinga om livet hennar. Programleiaren har i vaksen alder blitt eit entusiastisk friluftsmenneske som stadig legg ut på lange og korte tokt, og i Min Tur fortel ho om si reise frå livredd tur-amatør til sjølvsikker og erfaren fjellgeit.

Med boka som utgangspunkt inntar Anne scenen med forrykande fortellingar og humoristiske betraktingar om livet. Lindmo fabulerar om dumskap og draumar, om midlivskrise og ungdomskilde, og om verdien til å evne og sjå på livet som ein lang, slitsam, innhaldsrik og nydeleg uperfekt tur i ulendt terreng.

No får publikum treffe Lindmo i ein langt meir personleg og uformell versjon enn ho me kjenner til frå fredagskvelden. På scenen byr ho på frittalande og sjølvutleverande humor som mange trufaste lyttarar kjenner til gjennom podcasten.

Velkomen til ein kraftfullt inspirerande og raust underhaldane kveld i Festsalen på Edland skule kl . 19:00

Billettar kjøper du HER!

Arrangementet er i samarbeid med Vinjesenteret.

The event is finished.

Når

29 feb 2024
Expired!

Tidspunkt

19:00 - 21:00

Cost

350.00 NOK

Stad

Edland Skule, Festsalen
nn_NO