8. mars-markering: Ei budeie sine vedkjenningar
Velkomen til markering av kvinnedagen på Vinjesenteret 8. mars kl. 18.00!
Marte Østmoe kom sumaren 2023 over ein annonse med ynskje om budeie, og tenkte «kvifor ikkje?». Kort tid etter fekk ho tilbod om eit opphald på Samastad, med ansvar for 200 geiter.
Denne dagen kjem Østmoe for å fortelje om hennar opplevingar på Samastad, og for å snakke om seterkultur, som i 2024 kom på UNESCO si liste over immaterielle kulturarv. Me får høyre ulike lokk, dikt, smake på chevre frå Haukeli, og lukte på ragg!
