17. mai på Haukeliseter
Feir nasjonaldagen saman med oss på Haukeliseter! Snødekte fjell, frisk fjellluft og 17. mai-tog på ski er berre noko av det du kan gleda deg til. Det er vår i høgfjellet, og kva er vel ei vakrare ramme for ei makalaus 17. mai-feiring?
Her er det som skjer på Haukeliseter 17. mai:
- 08.00: Me heiser flagget og syng nasjonalsongen – med fjella som majestetisk bakteppe.
- 08.00 – 10.00: Nyt ein smakfull 17. mai-frukostbuffet i fjellstoga lune omgjevnader.
- 11.00: I tradisjon tru går 17. mai-toget på ski!
- 14.00 – 16.00: Moro på tunet! Me set opp ei klassisk 17. mai-hinderløype og byr på leikar for både store og små – sekkeløp, potetløp og andre gamle travarar. Me fyrar òg opp bålpanna og lavvoen – med høve til å kjøpe pølser og grille sjølv.
- 12.00 – 20.00: 17. mai-tallerken og festkaker vert servert i restauranten.
- 16.00 – 22.00: Villmarksspa! Slapp av i badstova med panoramautsikt over fjellheimen.
Kle deg i bunad, festklede eller komfortable turklede – her er alle velkomne slik dei er. Det viktigaste er å ha med feststemt humør, og gjerne flagg og sløyfer!
17. mai-tallerken: Me serverar ein klassisk speketallerken med spekeskinke, fenalår, spekepølse, potetsalat og eggerøre. Til dessert freistar me med pavlova med vaniljekrem og friske ber.
Sesongavslutning Her på Haukeliseter har mange gjort det til ein tradisjon å feire 17. mai med fjellet som ramme, og me lovar god stemning, flott natur og ein dag du seint vil gløyme. Me håpar på sol, sno og vårskiføre!
Velkomen til 17. mai-feiring på Haukeliseter Fjellstue! Me gler oss til å feire med deg!

