Klappet & Klart er eit samarbeid mellom Møbelringen og Princess i Etne. Sidan 2010 har me saman innreda hytter og hus i distriktet. Vårt hovedområde er Seljestad og Vågsli, i tillegg til oppdrag på heile Haugalandet. Me totalinnreiar hytta di slik at du kan komme til klappa og klar hyttekos. Me tilbyr òg komplette interiør- og møbelpakker der alt er inkludert.
HYTTEINNREIING
Skal du innreie hytta di, anten ho er ny eller gamal? Skal du selje hytta og ynskjer å style ho slik at bileta i annonsa ser innbydande ut? Klappet & Klart tilbyr ulike pakker med innreiingshjelp, alt frå enkle råd og tips til korleis du best kan gjera jobben sjølv, til delvis eller total innreiing.
- Råd og rettleiing.
Her får de besøk av ein av våre interiørkonsulentar som gjev råd og rettlieiing på korleis de sjølve kan oppgradere hytta med enkle grep.
- Delvis innreiing
Her brukar me møblar og interiør som allereie finst på hytta. Me supplerar med alt frå tepper, bilete, lamper o.l. og byter også ut nokre møblar ved behov.
- Total innreiing
Med totalinnreiing for sal/innflyting med Klappet & Klart er alt inkludert. Det vil sei alt fra bestikk til møblar og kvitevarer, dvs heilt innflyttningsklar.

BOLIGSTYLING
Skal du selge boligen din? Potensielle kjøparar ynskjer å sjå bilete av boligen i bruk, og det er ingen tvil om at ein styla bolig påverkar både prisantyding og til slutt salssummen. Eller ynskjer du berre å fornye og friske opp boligen til eige bruk? Ta kontakt med oss så hjelper me deg i prosessen. Saman finn me den beste løysinga for deg og ditt behov.
- Råd og rettleiing
Her får de besøk av ein av våre interiørkonsulentar som gjev råd og rettleiing på korleis de sjølve kan gjere boligen klar til fotografering for sal med enkle grep.
- Delvis boligstyling
Her brukar me møblar og interiør som de allereie har. Me supplerar med alt fra tepper, bilete, lamper o.l. og byt også ut nokre møblar ved behov.
- Total boligstyling
Ved total boligstyling for sal styler me det tomme huset ditt med møblar og tilbehør slik at fotograf kan ta flotte, presentable bilete til bruk i marknadsføringa.
For meir informasjon om hytte- og boligstyling, sjekk ut nettsida vår.







