Din eigen sauna

Badstoge/sauna har blitt ein populær aktivitet for både dei som vil finne ro og senke stressnivået, men òg som sosial aktivitet og for dei som søkjer adrenalinkick ved isbading.

Dei seinare åra har det vorte ein populær sosial aktivitet å møtast i badstoga, gjerne i samband med bading eller is-/snøbading. Me har levert mange hytter der badstoge/sauna er integrert i hytta, men for dei som ikkje har det eller ynskjer å utvida med ein separat badstoge, har me utvikla ein heilt ny og frittstående moglegheit.

Saunaen «PAUSE» er no lansert for dei som ynskjer ei frittståande badstoge/sauna. Denne vert bygd komplett ferdig med omn og belysing i produksjonshallen vår. Ved bestilling vert ho løfta med kran rett på ein enkel grunnmur der du ynskjer.

I badstoga kan du velje om du vil ha ein elektrisk omn eller ein vedfyrt omn med steinar. Du kan òg velje å lyssette ho med LED-ljos for dekorativ effekt både ute og inne.

Det er kort leveringstid på PAUSE – ta kontakt med oss for informasjon og pris med levering.

Kva er sauna godt for?

  • Lågare stressnivå
  • Betre blodsirkulasjon
  • Førebyggjer forkjølelse
  • Sosial aktivitet med familie og vener
  • Godt etter is-/ snøbading eller bading

Levering og moglegheiter

  • Kort leveringstid
  • Leveras komplett og ferdig til bruk
  • Me sjekkar ut om du har lov å sette den opp på tomta di
  • Perfekt for velforeningar osv, som vil ha et samlingsplass
  • Perfekt for utbyggjarar, gründerar og dei som ynskjer å tilby badstoge til besøkjande

Del innlegg: